Tap i lokalderby

Gutelaget tapte torsdag kveld mot Trio 2, kampen endte 3-0. Rosendal hadde ballen mest, men sleit med å trengje gjennom eit godt organisert Trio forsvar.


Rosendal møtte eit bra Trio 2 lag, der dei bort imot bare stilte med fyrstelagsspelarar. Rosendal vart for lite kreative offensivt, lite bevegelse, og det blir alt for mykje ein og ein i angrepspelet. Og når ein vert hardt straffa andre vegen, så gjekk Rosendal på deira andre tap for sesongen.

Det startar dårlig for Rosendal. Allereie etter 1 min. søv gutane i markeringa på eit innkast, det endar opp med at tidligare Rosendalspelar Andreas Thorkildsen får slått gjennom til spissen sin, George Onaska, han gjer ingen feil mot Nikolai i Rosendalmålet og set inn 1-0.

Rosendalsgutane har ballen mest etter dette, og det endar opp i to avslutningar i treverket, begge signert Jonas. Fyrste gongen er han fyrst på eit innlegg frå Hans Fredrik, som han får tåa på. Andre gongen blir han spelt opp på rundt 25 meter, vender opp og skyt i tverrliggar nær ved krysset.
Så går det som det ofte går, George Onaska er igjen på farten i bakrommet vårt, og set sikkert inn 2-0.
3-0 kjem like før pause, eit langt dribleløp av Mr. Thorkildsen endar opp i beina til Eivind Tufta Saghaug som bankar inn 3-0. Surt. Dette vert og pauseresultatet.

I andre omgong fortset Rosendal som i fyrste, har mykje ball, men vert for stilleståande og skapar særs lite. Men to sjansar vart det, Sondre skyt eit frispark frå rundt 20 meter like over, og Jonas bommar frå 7 meter etter innlegg frå Hermund. Rosendal hadde ikkje marginane med seg denne gongen. Desse starta: Nikolai – Johannes G. – Stian – Joakim – Hermund – Johannes T – Håvard – Kurt Raymond – Hans Fredrik – Jonas – Simon.

innbytarar: Martin og Sondre.
Sondre starta ikkje pga. sjukdom og Kurt Raymond måtte og ut pga. sjukdom.