Tap i vanskleg bortekamp
I ein vanskleg bortekamp mot serieleiar Stord tapte Jenter 97/98 0-3 i dag. God innsats til tross så vart motstanden eit hakk for stor.
Stord har ikkje tapt ein einaste heimekamp og stod med ein målforskjell på 38-7 etter fem heimekampar før dagens kamp. Vi spelte lenge jamnt i første omgang, men Stord var farlegare foran mål enn oss og det var ingenting å sei på at dei leia til pause. Vi vart til tider diverre overspelt på midtbanen, og fekk ikkje haldt ballen i laget som vi ønskte. Etter fokus på dette ved pause vart vi bedre i andre omgang, men fekk ikkje mål på våre sjansar. I staden fekk Stord eit mål til, og fastsette sluttresultatet til 0-3.
Ein god innsats av alle 14 jentene som var med. Det er ny kamp allereie på tysdag og vi får prøva å koma tilbake på vinnarsportet igjen.
Frode.