Tap mot eit forsterka Øystese 2

Øystese 2 kom til Rosendal i kveld for å spela mot G13 gutane. Vi visste at Øystese har eit fyrstelag og eit andrelag så her visste vi ikkje heilt kven vi møtte. Dette stemte, trenaren til Øystese ga beskjed om at han var heldig i denne kampen sidan han fekk med seg dei beste spelarane frå fyrste laget. Laget frå Øystese sto fram som eit solid defensivt lag, med ein god og stor spiss på topp, dette var det vanskeleg å trenga i gjennom.

Etter fyrste omgon låg vi under med 3-1, der to av måla kom etter litt uheldig spel i forsvar. Vårt mål kom etter it etterlengta langskot frå Tord. Gutane hadde spelet i store delar av omgongen, men sleit med å få ballen i mål. Øystese var flinke å slå lang på ein stor spiss som anten tok ballen med seg, eller flikka den vidare.

I andre omgong stod vi høgt og produserte sjanse på sjanse, men ballen ville heller i stolpen enn i mål. Det var rett og slett ein stang ut kveld. Sidan vi sto høgt og jaga mål og ikkje fekk hol på byllen, greidde Øystese å kontra inn nokre mål til. På 5-1 greide vi å redusera etter eit godt innlegg av Jonatan som Sander ekspederte i mål. Etter dette kontra Øystese inn to mål til og kampen enda med eit 7-2 tap.

Rosendalsgutane skal vera nøgde med kampen, dei spelte god fotball, men ballen ville ikkje vår vei denne kampen. Øystesetrenaren kom etter kampen og skrøyt av gutane, han meinte at Rosendal spelte klart best fotball. Dette viser at vi har noko på gang og med godt spel, kjem resultata etterkvart. Stå på gutar!

Desse var med (mål i parantes):
Ola, Torbjørn, Jaran, Øystein, Lars, Torstein, Jonatan, Sebastian, Marcus, Sander (1), Harald og Tord (1).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

two × 3 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.