Tap mot tøff motstand
Det vart tap 3-5 for J16-2 mot Austevoll/Selbjørn i tredje heimekamp for sesongen. Vi låg tidleg under 3-0, men hadde eit håp om poeng når vi klarte å utlikne til 3-3 tidleg i andre omgang. Slik gjekk det ikkje.
Austevoll/Selbjørn kom til Rosendal med to strake sigrar, og viste raskt at dei er målfarlege. Med raske angripare putta dei tre mål utan at forsvaret vårt hang med. Etter ei rokering i forsvar kom vi meir med i kampen og klarte å redusere to ganger før pause.
Vi scora det første målet i andre omgang og kampen stod lenge å vippa på 3-3. Det var nok sjanser til begge lag til å gå i leiinga, der Austevoll/Selbjørn hadde dei største. Etter kvart fekk dei satt sine sjansar utan at Rosendal fekk treff. Sluttresultatet 3-5 var det ikkje noko å sei på kampen sett under eitt.
Vi får koma sterkare tilbake til neste kamp borte mot Sotra, og håpe på at vi kan stille med fullt mannskap. Det har diverre vore ein del forfall til dei siste kampane, noko som har ført til at vi ikkje har hatt den flyten i spelet som vi kan ha.
Målscorar for Rosendal: Julie Skeie Olsen (3)
Desse var med på kampen: Katrine Y Røssland, Marit Guddal, Lene Krossøy, Elisabeth Rebaudo, Leonie P Zimmermann, Mari O Furdal, Maria O Hardeland, Tina S Olderkjær, Renate Alfarnes, Helena S Riise, Julie S Olsen, Nathalie S Olderkjær, Mailin Klette og Yasmym Nunes.