Telenor NM Kvalikk 2013 for G16

Det er vel inga «cupbombe» at Rosendal er ute av cupen etter møte med Brann i Bergen. Sluttresultatet enda på 15-0, men dette er ein av dei kjekkaste turane eg har hatt som trenar. Skal ein læra korleis fotball på dette nivået skal spelast, må ein oppleva det. Nettopp derfor har me som lag fått ein grei innføring av at fotball skal spelast og at det til dei grader er eit lagspel.


Ball besettelse, ja det var vel ca. 99% til brann. Men som lag gav me aldri opp, ingen surmuling, bare vilje til innsats i 2×40 minuttar mot kanskje Norges beste gutalag. Dette er ikkje gutlaget som spelar 1. div. i Bergen. Brann prioriterer ikke serien på samme måte som NM. I NM hentast det ned elitespelarar frå Brann 3. Laget me møtte var utrolig godt samspelt, og hadde ikkje hatt noko problem med å «valsa» over seniorlaga i kvinnherad, det seir litt om nivået på laget gutalaget stod ovanfor.

Me hadde 2-3 sjansar som var nære skoring, og det hadde vore ein siger i seg sjølv å fått ei nettkjenning.

Me reiste med ein tropp på 17 stk, og alle fekk utpå å prøva seg mot Brannlaget, og alle som var utpå gjorde ein herlig innsats, heilt upåklagelig. Etterpå blei det tur til Mac Donalds i Åsane før heimmreise til Kvinnherad.

Desse var med:
Eivind Bjørnebøle(keeper), Tobias Frislev(kaptein),Håvard Hunstad,Torbjørn Omvik,Kjartan Tungesvik,Eivind Haavik,Vegar Bauge,Joakim Vika,Hermund Døssland,Simon Korttila og Marius Myklebust.
Innbyttere:
Olav Lernes(keeper),Ruben Fjelland Særsten,Simon Bewer,Anders Albrethson,Mats Olsen,Alexander Fredheim

MVH
Raymond B Olsen
Trener G16