Tenkjer ut framtida for turnlaget

Rosendal Turnlag har starta prosessen med å staka ut kursen for åra framover. Å tilsetja dagleg leiar er blant dei sentrale diskusjonspunkta. Måndag kveld var representantar for Rosendal Turnlag på «framtidskveld» under leiing av Arne Njøten frå Hordaland Idrettskrets. Njøten spurde fyrst forsamlinga kor godt dei trudde turnlaget var førebudd på framtida.


Responsen var relativt optimistisk, og det var vist til moment som høgt aktivitetsnivå- og breidde, dyktige til å gjennomføra arrangement, flinke leiarar og god dugnadsand. Men Njøten spurde også kva som bør vidareutviklast fram mot 2015. Svara inkluderte; behov for ein møteplass, rekruttering og opplæring av lagleiarar/trenarar, utvikla ein prestasjonskultur og fast dekke på friidrettsbanen.

Ein av Njøten sine kjepphestar er at alle idrettslag av ein viss storleik må tilsetja dagleg leiar i minst 50 prosent stilling. Han meiner dessutan at leiaren bør bli lønna av kommunen, og kommenterte at det offentlege bør sjå seg råd til dette.

– Kva vil det kosta kommunane om idrettslaga slutta med sitt friviljuge arbeid, spurde han retorisk, og viste til at fleire kommunar i Rogaland no har byrja med denne lønnsordninga.

Framtidsplanlegginga held fram i byrjinga av januar, då Arne Njøten kjem attende til Rosendal. 

Tekst/Foto: Morten Nygård/Grenda