Tilsett sportsleg koordinator i Rosendal Turnlag

Jonathan Varela Byrkjenes frå Strandebarm tilsett som administrativ sportsleg koordinator i Rosendal Turnlag. Trass sine 26 år, så har Byrkjenes ein lang idrettsleg karriere bak seg. Han har drive med langrenn, og spela fotball opp til kretslagsnivå, men satsa på friidrett då han vart utteken på jrlandslaget. Han kjem til Rosendal med bakgrunn frå vervet som sportsleg leiar i toppidrettsklubben IL Norna-Salhus.

– Å få ein profesjonell leiar på plass, er noko vi har snakka lenge om i Rosendal Turnlag og på årsmøtet i mars vart dette formelt vedteke. I sommar lyste vi så ut stillinga som administrativ
sportsleg koordinator i 50 %, og vi trudde kanskje dette ville bli vanskeleg. Men vi fekk inn fleire kvalifiserte søkjarar. Etter intervjurunden, bestemte styret seg for å gå forJonathan, og vi er veldig
nøgd med at han har takka ja til jobben. Vi meinar at å få inn Jonathan både som administrator for drifta og sportsleg koordinator er viktig for heile laget.

– Utarbeiding og etableringa av sportslege planar, strategiar og retningsliner er noko vi har streva med å få på plass tidlegare. Dette, saman med samarbeid og kompetansebygging, aktivitets og
arrangemenstsutvikling i laget og gruppene, blir difor viktige arbeidsoppgåver for Jonathan – ved sidan av det reint administrative. Tida vil elles visa litt etter kvart kva som blir viktig å gripa tak i, for vi skal ikkje underslå at rollen som profesjonell arbeidsgivar er heilt ny for Rosendal Turnlag på administrativt nivå.

– Rosendal Turnlag har fram til no vore driven på dugnad og vi har i lengre tid vore klare på at vi måtte få på plass ein administrasjon for å kunna utvikla laget. Vi er difor veldig nøgd med å ha
Jonathan på plass. Han har i tillegg til å ha vore landslagsdeltakar og utøvar i IL Norna-Salhus, også vore trenar og ein viktig bidragsytar med å utvikla organisasjonen i klubben. Med solid erfaring frå sportsutstyrsbransjen, intergrerings- og samarbeidsprosjekt, kontraktsarbeid, mediakontakt, og planlegging og gjennomføring av arrangement, samt gode pedagogiske eigenskapar som føredragshaldar og idrettslærar m.a. ved Metis Akademiet (vidaregåande skule i Bergen). Han er godkjent Manager og utøvarrepresentant frå Norges Friidrettsforbund, og når vi i tillegg veit
at han er ein svært hyggjeleg, sosial og engasjert kar som likar folk og utfordringar, så er vi overtydd om at Jonathan har alle kvalitetar og er den rette til utvikla laget vidare.
– Vi gler oss stort til han startar i stillinga den 1. oktober, uttalar hovudstyret i Rosendal Turnlag.

For ytterlegare info:
Jostein Hatteberg, styreleiar, tel 489 94 213
Jonathan V. Byrkjenes, Administrativ sportsleg koordinator, tel 908 65 722

Her er lenke til Grenda sitt innlegg i saka (krev innlogging)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.