Tine Fotballskule 2020 – påmelding STENGT
10.-12. august er det igjen tid for TINE-Fotballskule på Rosendal Stadion.
Fotballskulen er for jenter og gutar fødd frå og med 2007 til og med 2013. Alle i den aktuelle aldersgruppa er velkommen til å melda seg på, uansett klubb.
Pris pr. deltakar er kr. 750,-
Inkludert i prisen er to fruktmåltid og eitt brødmåltid pr. dag, ein god fotball og Tinepakke.
Fotballskulen startar klokka 09:00 og sluttar 14:00 kvar dag.
Påmeldinga må ha med mobil nr. og epost til ein føresett, samt fødselsdato på deltakar.
Påmeldingsfrist: 1.juli, eller ved 150 påmelde. Til info så stengjer påmeldinga automatisk når 150 har meldt seg på.
All påmelding skal skje via påmeldingsskjema du finn ved å klikke på lenken under. Påmelding er ikkje fullført før påmeldingsavgifta er betalt på Vipps eller til konto 3460 12 14298, merk innbetalinga med deltakarnamn (Vipps kan ikkje merkast, men der vil ein sjå namnet til den som betalar på rapporten).
Fyll ut alle felt i skjema for påmelding.’
Påmelding Tine Fotballskule 2020
For meir info: Hilde H. Hatteberg, tlf.: 918 62 685
Helsing
Rosendal T.L. Fotball