Tine Fotballskule 2021 – påmelding

Tysdag 22. juni til torsdag 24. juni er det igjen tid for TINE-Fotballskule på Rosendal Stadion.

Fotballskulen er for jenter og gutar fødd frå og med 2008 til og med 2014. Alle i den aktuelle aldersgruppa, uansett klubb i Kvinnherad, kan delta. Bur ein utafor kommunen kan ein ikkje delta grunna covid 19 restriksjonar.
Pris pr. deltakar er kr. 750,-

Inkludert i prisen er to fruktmåltid og eitt brødmåltid pr. dag, ein god fotball og Tinepakke.

Fotballskulen startar klokka 09:00 og sluttar 14:00 kvar dag.

Påmeldinga må ha med mobil nr. og epost til ein føresett, samt fødselsdato på deltakar.

Påmeldingsfrist er 20. juni eller ved 100 påmelde.

Påmelding er ikkje fullført før påmeldingsavgifta er betalt på Vipps eller til konto 3460 12 14298, merk innbetalinga med deltakarnamn (Vipps kan ikkje merkast, men der vil ein sjå namnet til den som betalar på rapporten).

For meir info: Hilde H. Hatteberg, tlf.: 918 62 685
Helsing
Rosendal T.L. Fotball

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

fourteen − nine =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.