To bortesigrar på tre dagar

J-16 hadde bortekampar både søndag 14 og tirsdag 16 sept. Søndag tok vi turen til Dale, einaste laget som slo oss i vårsesongen. Denne gangen vart det omvendt. Tok tak i kampen frå start og det viste seg tidleg at vi var eit hakk bedre enn heimelaget. Etter at Nathalie hadde putta fire strake, fastsette Sara pauseresultatet til 5-0. Vart enige om å bare fortsette i samme spor og ikkje sleppe dei inn i kampen. Det greidde vi i stor grad og nye mål av Mari, Sara og Lene (!) gjorde at det var av mindre betyding at Dale fekk eit trøstemål på slutten. Ein svært bra kamp, der litt meir nøyaktighet føre mål, kunne gjort at vi passerte to-sifra. Kjempepluss til forsvaret som var framifrå!

Tirsdag var det ut på ny tur,denne gang til Aga og Solnut. Sjølv om dette er eit lag vi slo i fjor, har dei brukbare resultat frå serien dette året.

Planen her og var å ha høgt balltempo frå start, noko som skulle vise seg å lukkast bra. Fekk rett nok eit tidleg baklengs litt ut av ingenting, men så eksploderte det. Bare snaue 30 sek etterpå var Mari OF framme og utlikna. Resten av omgangen var ein fornøyelse å sjå på. Stort tempo, masse bevegelse uten ball, og knapt ein feilpassning i heile omgangen.Spelte oss flott ut av forsvar, ikkje snakk om «spark og spring» denne kvelden. Så ved pause stod det 7-1, etter mål av Mari OF (3), Emilie (3) og Sara.

Skulle prøve å fortsette i samme dur etter pause, men denne omgangen vart eit lite antiklimaks. Mindre bevegelse, litt meir sololøp, og nåken som måtte spela litt småskade pga ein liten tropp. Dette får vi prøva å forbedre til neste gang. Slapp inn to mål, slik at det enda 7-3. Alt i alt ein klart godkjent kamp, noko både heimelagets leiar og dommar meinte. Fekk masse skryt for 1.omg, var vist nåke av det beste dei hadde sett!

På grunn av eit rotete oppsett av kretsen som starta opp ny serie i haust ( med eit nytt lag) og fordi vi ikkje klarte det eine poenget mot Sund, er vi no avhengige av hjelp for å kunne enda opp som vinnarar. Med vanleg vår-haustserie, ville vi ha leia og kunne avgjort det heile sjølv. Vi går uansett for siger i dei to neste kampane og, som også er på bortebane.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

5 × 4 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.