Tøffe tak for J14

Etter ein oppløftande start i 1. divisjon med siger over Søreide for to veker sidan, har J14 laget no fått  kjenna kor tøft nivået er i toppen, dei siste to kampane.

Forrige helg var vi i Bergen og møtte regjerande kretsmester Bønes, med både landslag og kretslag spelarar i troppen.  Det såg ut som om jentene kanskje var litt utlada etter shoppingrunde i Lagunen, for vi var avventande frå start i denne kampen. Det går ikkje når du møter lag med høgt tempo og uten svake ledd, og før det var gått 20 minutt av kampen låg vi under 3-0.  Jentene våkna til utover i omgangen, og siste kvarteret klarte vi å pressa Bønes bakover. Først knalla Hanna ballen i stolpen, før Thea skaut over åleine med keeper. Til slutt kom reduseringa då Guro skaut hardt i hjørnet frå 16 meter. Resten av omgangen og starten på andre omgang var og svært oppløftande. Vi pressa på for ny redusering, men då gjekk det som det ofte går. Bønes kom i overtal på ei rask kontring, og istadenfor 3-2 var det brått 4-1. Noko av lufta gjekk ut av jentene etter dette, og Bønes fekk to til mål i denne omgangen slik at resultatet noko flatterande vart 6-1 til heimelaget.

Denne helga var vi klare for ei ny knalltøff utfordring.

Motstandar i denne kampen var Voss, som vann 1 divisjon i vårsesongen, og var tapande finalist mot Bønes i kampen om kretsmesterskapet i fjor.

I motsetning til kampen mot Bønes var vi meir på frå start mot Voss, og etter 3 minutt burde det stått 1-0 til oss. Guro vann duell med keeper og skulle berre setja ballen i mål, men brukte litt for lang tid, slik at ein forsvarar fekk kasta fram ein fot og blokka skuddet ut til corner.. Ette rrundt 8 minutt kom dei rundt på høgrekanten og fekk slått inn.  Jentene vart for avventande inne i feltet, og ein Voss spelar fekk snudd seg rundt og sette inn 1-0 til bortelaget.

Voss viste seg å vera eit særs spelande lag, og hadde mykje ball i første omgang, Vi låg lavt og satsa på raske overgangar, men upresise pasningar i overgangane gjorde at det vart mykje krig og speling på midten, og lite sjansar.

Omgangen ebba ut med 1-0 leiing til Voss, men vi følte at vi var med og hadde mulighet til å snu dette etter pause.

Andre omgang starta på verst tenkelige måte. Etter 5 minutt kom Voss fri på venstre kant, og frå spiss vinkel fekk dei sett inn 2-0. Sjølvtilliten vår fekk seg nok ein liten knekk etter dette, for intensiteten gjekk ned, og Voss vann dei fleste duellane.  Dei fekk trilla ball, og vi vart springande mykje imellom slik at vi sleit med å skapa sjansar. Midt i omgangen kom målet som avgjorde kampen. I ein duell 30m frå målet vårt kom Voss spelaren først på ballen, og flakseskuddet gjekk i boge over May Beate og i mål.

Kampen var då i realiteten avgjort, og vi brukte siste del av kampen til å gje speletid til dei som enno ikkje hadde fått spelt, samt at ein del spelarar spelte i nye posisjonar. Dette gjorde at det vart lite struktur over spelet vårt på slutten, og Voss fekk setta inn eit siste mål 5 minutt før slutt, slik at det enda 0-4.

Etter å ha møtt det som kanskje er dei to beste laga i Hordaland ser vi at vi har eit lite stykke å gå før vi klarar å hamla opp med desse enno. Det vi tek med oss er at når vi spelar på vårt beste er vi heilt på høgde med topplaga, og då blir utfordringa vår å forlenga desse gode periodane. Vi lærer og utviklar oss for kvar kamp, så når vi tek imot Sotra til neste heimekamp om 2 veker skal dei få slita med å få med seg poeng heim.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

4 × one =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.