Top of the League
G19: Trio/Rosendal/Halsnøy-Djerv/Nordnes 6-0. Juniorlaget inntok tabelltoppen, om enn midlertidig, etter habile 6-0 over Djerv/Nordnes søndag. Bortelaget stilte useriøst nok klare på motsett halvdel først 20 minutt etter oppsett kampstart. Sportsleg hang dei dog bra med i starten, men fekk utover i kampen slite stadig meir mot eit solid kvinnheradslag, som trass alt ikkje spelte opp mot sitt maksimale.
I starten av kampen var det rimeleg passivt spel frå Kvinnheradslaget, der ingen såg ut til å ta skikkeleg tak i det. Det var noko daudt over det heile og bortelaget virka faktisk hakket kvassare, trass manglande oppvarming. Men etter kvart vart det litt meir trøkk i det, anført av den særs opplagte høgreback, Vegard Johnsen. Han knalla inn 1-0 frå 20 meter og skrått hald, og sette med det litt meir standarden for kampen. Midt i omgangen kom også 2-0, etter at Rudi Molvik styrte inn eit godt innlegg frå Warhel Suleman. 2-0 til pause var greitt nok, med den konklusjon at det var mykje å gå på.
Etter kvilen tok Trio/Ros/HIL, i dag med 13 av 15 mann frå Trio, stadig meir over. Og etter at stjernetrioen Martin, Fredrik og Andreas entra banen utover i omgangen, fekk bortelaget køyrd seg kraftig siste halvtimen. Martin tåa inn 3-0 etter at Emanuel chippa han lekkert fri i feltet. Tåspark er visst lov no til dags. Og Martin blir også kreditert 4-0 frå eit par meter unna cornermerket, sjølv om Fredrik skal ha ein del av æra for å forstyrre keeper og ein forsvarar skal ha æra for å ha vore litt borti ballen før den gjekk inn. Defensivt var det god kontroll og bortelaget kom aldri nærare enn Vegar gjorde då han traff eigen stolpe med eit tilbakespel som overlista Olav L.
Fredrik er i storform etter 2,5 års pause frå fotballen og var veldig aktiv på venstrekanten. Han runda backen og la ei ferdigscora 45-graderspasning til Martin, som utruleg nok ikkje klarte å score. Det gjorde i staden Eivind, då han kom åleine mot keeper etter eit snasent gjennomspel frå Andreas. Det var delar av resepten også på 6-0, då Andreas spelte Martin fri, og han serverte Eivind framom mål. Saghaug’en dribla elegant av ein mann før han hamra inn sitt andre for dagen og sette punktum med halve dusinet fullt.
Ein ok kamp av juniorane, utan å overdrive. Neste helg blir det hakket tøffare med bortekamp mot robuste Mathopen. Men det skal nemnast at Djerv/Nordnes spelte uavgjort mot desse på Mathopen sin vetle bane i bydn, så vi tek med oss eit favorittstempel til den kampen også. Gjerne med litt meir guts og sprut over det heile, karar! 🙂
Kampfakta frå Kvednabekkjen
G19: Trio/Rosendal/Halsnøy-Djerv/Nordnes 6-0 (2-0)
1-0 (13 minutt) Vegard Johnsen
2-0 (25 minutt) Rudi Molnes
3-0 (59 minutt) Martin Veastad
4-0 (65 minutt) Martin Veastad
5-0 (75 minutt) Eivind Tufta Saghaug
6-0 (85 minutt) Eivind Tufta Saghaug
Tilskodarar: Skuffande 20 stk
Dommar: Svein Arild Kjærland, Uskedal
Gult kort: Olav Kvandal Myklebust
Trio/Rosendal/Halsnøy sitt lag:
Olav Lernes, Vegard Johnsen, Olav Kvandal Myklebust, Sander Saghaug Lillesletten, Daniel Øvstebø (Vegar Bauge frå 45 minutt), Eivind Tufta Saghaug, Simen Røssland (Rudi Molvik frå 78 minutt), Saimon Gebreslasie Tewelde (Andreas Thorkildsen frå 68 minutt), Rudi Molvik (Fredrik Hollund Ekeland frå 62 minutt), Emanuel Onasaka, Warhel Suleman (Martin Veastad frå 55 minutt).