Transportplan

Transportplan

Formålet med ein transportplanen er at det skal vera eit retningsgjevande dokument for styre, trenarar, lagleiarar og spelarar. Planen er meint å væra dynamisk, og alltid open for justering. Vesentlege endringar i transportplanen skal godkjennast av styret.
Planen skal beskriva RT sine haldningar og reglar/retningslinjer ved person transport.
Planen gjeld alle som er medlemmer i RT eller representerer RT.


Mål

RT skal ha 0 ulykker og 0 skader ved reising til og frå trening, kamp, møter og andre aktivitetar i RT regi.
Det er eit mål at så mange som mogleg gjennomfører Røde kors sitt fyrstehjelp kurs.


Gjennomføring

Transport planen skal gjennomgåast på trenar / lagleiar møter og eventuelle foreldre møter. Planen skal og delast ut til lagleiarar og leggast i lag mappa.
Alle kan komma med forslag til endringar i planen. Det er styret som godkjenner endringar og skal oppdatere planen.
Transport skal væra med som eit punkt ved oppsummering av kvart einskilt lag ved sesong slutt.
Planen skal leverast ut til alle foresatte, foreldremøte.
Alle som kjører skal ha lest planen.


Sykling

Alle barn SKAL bruka hjelm når dei syklar til og frå trening eller kamp. RT oppmodar og alle vaksne å bruka hjelm. Syklane skal og væra i forskriftsmessig stand


Refleks

Alle SKAL bruka refleks når dei ferdast langs trafikkerte vegar i mørke på veg til eller frå trening, kamp eller anna i regi av RT. Det skal og brukast refleks om ein trenar i trafikkerte områder i mørke.


Moped/Scooter

Alle som kjører moped/scooter skal ha sertifikat for dette og kjøretøyet skal væra i forskriftsmessig stand.


Bil / buss

Det skal brukast bilbelte og godkjende bilar.
Aldri fleire personar i bilen en det er bilbelte til.
Ved bruk av minibuss skal sjåfør ha korrekt type førarkort


Reise

Beskriva at lagleiar skal planlegga både heime og bortekampar slik at det er god tid til å nå ferjer.
Det er og viktig at lagleiar tar hensyn til bortelaget sine reiser når tidspunkt for heimekampar vert bestemt.
Oppsett over kjøretider mellom forskjellige stader slik at lagleiar kan planlegga kamp og reise tidspunkt.


Eigendelar på reiser og dekning av reiseutgifter

Laget har verdikort som skal brukast ved ferjereiser.
Det skal takast hensyn til økonomi ved reiser, men dette skal ikkje gå på bekostning av tryggleiken.
For spelarar som deltar på fleire lag skal kun betala når dei reiser med det laget dei høyrer til.


Planlegging av reiser

Når kampane er klare bør det setjast opp ein reiseplan for kvart lag. Denne skal lagleiaren laga til. Denne skal fordela kjøringa på føresatte/spelarar til alle kampane. Det bør tilstrebast at denne belastninga vert likt fordelt.
Ansvarleg for reise opplegg skal før avreise finna ut kvar banen ligg. Banekart finn ein i HFK si handbok.


Gjennomføring av reiser

Lagleiar er ansvarleg for planlegging av reisa. Lagleiar skal ha kontroll på kven som er med og kven dei kjører med. Passe på at kjøreruta er avtalt før avreise.
Det skal alltid væra god tid for å nå ferjer.
Sjåfør er alltid ansvarleg for å ha bilen i godkjent tilstand og at alle trafikk reglar vert følgd. Bøter ved reiser må sjåføren sjølv betala. Eventuelle bøter skal rapporterast til styret i RT.
Eigenandel ved reparasjonar etter uhell kan etter søknad ble heilt eller delvis dekka av RT.
Bilane skal kjøyre mest mulig samla og stopp/pausar vert avtalt på førehand.


Ulykker

Naudnummer til legevakt ambulanse er 113.
Ansvarleg for turen samlar laget.
Gjennomgå hendinga før heimturen startar.
Alle skal få kontakta heimen så snart som mulig.
Alle uhell/ulykker skal informerast om til styret.
Ved større ulykker skal det organiserast hjelpeapparat / samlingsplass for involverte på heimstaden. Ansvar på dette ligg på den i styret som vert kontakta om ulykka.
Er det nødvendig skal det takast kontakt med vakthavande lege for å oppretta krisehjelp.


Reisetider

Når det vert planlagt reiserute til og frå kampar kan det brukast tidene som er spesifisert i RT-P03 som retningsgjevande.
Desse er ikkje absolutte og lagleiar må ta hensyn til spesielle forhold. Vegstengingar, vær o.l.
Frammøte før reise: 15 min før avgang.
Framme på bane: 30 – 60 min før kampstart.
Avreise etter kamp: 30 min etter kamp er ferdig.

Her finn de diverse skjema i samband med reiser