Travel sommar på Kjeldestøl

Tradisjonen tru inviterer Kjeldestøl venelag til opne stølsdagar med kaffi, saft og dei vidgjetne mjelkekakene. I år vert det seks slike dagar frå slutten av juni til byrjinga av august.

Kjeldestøl venelag gjentek suksessen frå dei seks føregåande somrane. Budeiene vert difor til stades på stølen følgjande onsdagar: 30. juni, 7. – 14. – 21. – 28. juli, samt søndag 8. august. Nokre timar midt på dagen vil dei syta for lunk i omnane og ynska alle gjester og turgåarar velkomne.

– Desse stølsdagane om somrane har blitt svært populære. I fjor, då «alle» var på Norgesferie, sette vi besøksrekord fleire gonger på rad. No blir det spennande å sjå om like mange tek turen til seters i år, seier Kjeldestøl venelag i ei pressemelding.

Sju sel

Kjeldestøl er no komplett med sine sju sel. Siriselet har stått der heile tida, medan venelaget har bygd opp att Bjørkesselet, Jensaselet, Monsaselet, Kristiansselet, Peraselet og Torkjellsselet. I tillegg er det sett opp både utedass, ei skytje, ei hadletekkje, eit kalvahus og nokre flotte langbord med benker. Venelaget har elles rydja fleire gamle stiar i området, ikkje minst den flotte Hauavegen, som går frå Kjeldestøl til Nysetre og Hovda.

– Sela står opne, og alle er velkomne til å stikka innom for å få ei oppleving av korleis livet var på Kjeldestøl fram til 1951, som var siste sommar med stølsdrift, opplyser Kjeldestøl venelag.

Frå bommen på Bjørke, ovanfor kyrkja i Rosendal, er det om lag 1 times gange til Kjeldestøl.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.