Treningskamp for G16-2. mot Trio/ Halsnøy 3

Rekrutteringslaget til Rosendal var solide denne kampen og hadde full kontroll på heimalaget på Kvednabekkjen. Bare ein veldig god keeper frarøvet Rosendal ein knall seier. kampen endte med 2-0 seier til Rosendal.


Rekrutteringslaget til Rosendal besto av 5. stk 99. årgangar, 4. stk 97. årgangar og resten fra 98.laget. Før kampen la me vekt på å få opp tempoet i spelet, med få berøringar i oppspels fasen. Pasningsspelet var veldig bra stort sett heile kampen, me kom til mange avslutningar, Håvard Hunstad kunne lett ha skora både 4-5 mål, men ein veldig god Trio/Halsnøy keeper stod i veien for det.

Midtstopperane våre med Mats Olsen og Anders Albrethson kommuniserte godt og hadde ingen problem dei få gangane motstandaren var på farlig visitt. backane med Torbjørn Omvik og Alexander Fredheim leverte også ein solid kamp.

1.omgangen var gjevnspelt med eit kanskje lite spelmessig overtak til Rosendal. Hermund Døssland med ballen, drar seg fint ned til dødlinja på venstrekanten og får lagt inn foran mål til ein umarkert Håvard Hunstad, som enkelt sender ballen i nettmaskene, strålande spel. Rosendal tar meir og meir over spelet. Gutane er flinke til å vende opp og komme kollektivt framover. Stillingen står seg 1-0 til pause.

2. omgangen begynnar med at Rosendal fortsetter det fine spelet og skapar sjanse etter sjanse. Olav Lernes, debuterte som midtbanespelar(opprinnelig keeper for 99-laget).  Olav viser ein ro og duellstyrke som me nok skal få sjå mykje av også i tiden framover. Vil også nevne Mathias Guddal-99 spelar, som uten tvil er ein spelar som mange skal merke seg. Han viste ein ballbeherskelse som er sjeldan vare på så ung alder. Han dansa rundt med fleire av Trio/Halsnøy spelarane, og var nære fleire gangar å setja ballen i mål.
Rosendal har ballen mykje nå, og det er bare tidsspørsmål før ledelsen skal dobblast. Christian Fjelland Særsten tar ansvar, og fra hjørne av 16 meteren på venstrekanten, sender han eit skudd som til stor jubel går i mål, herligt!
Rosendal får straffe, Olav gjer seg klar og skyter. Keeper reddar, men dommar peikar på nytt på straffemerke da keeper var for tidlig ute. Olav gjer seg klar igjen, men ein herlig redning av keeper igjen.

På slutten av kampen rokerer me litt på oppstillingane og mange er  i nye possisjonar. Men gledelig at Cato Miljeteig er tilbake etter vinter dvale. Han fekk grunna lite treningsoppmøte i vinter lite speletid, men viste at han blir å regne med. Cato spelte vel ca. 20 minutter, men hadde på den tiden skapt 3-4 målsjansar.

Rekrutteringslaget skal ha mykje skryt for innsatsen igår, og som trenar er jeg godt imponert. Me har slitt litt med å få flyten, men nå ser det ut som floken kan være løyst:) Og det var godt å slå Trio/Halsnøy på heima bane, gjett om!!

Neste kamp for G16-laget er borte mot Eikelandsfjorden lørdag 16. mars kl. 14.00.

Desse var med: Simon Bewer(keeper), Mats Olsen,Anders Albrethson,Alexander Fredheim,Torbjørn Omvik,Hermund Døssland,Marius Myklebust(kaptein),Mathias Guddal,Ruben Fjelland Særsten,Joakim Vika og Håvard Hunstad.

Innbytterar: Cato Miljeteig,Christian Fjelland Særsten,Kristoffer Eskeland,Olav Lernes,Sondre Myklebust og Vegar Bauge.

Målskorerar: Håvard Hunstad(1 mål), Christian Fjelland Særsten(1-mål)
Gule kort: ingen.

Mvh
Raymond B Olsen, Åge Myklebust
Trener G16