Treningskamp G16. Eikelandsfjorden- Rosendal

Bortekamp 16.mars kl. 14.00 mot Eikelandsfjorden. Me var fast bestemt på å forsetja det gode sampelet som gutta viste mot Trio/ Halsnøy, men bli enda bedre med å løfta kvarandre med positive tilbakemeldingar. Rosendal førte kampen fra start til ende og vant 7-1.


Denna gangen mangla me spissane våre, så Kurt Raymond måtte ta ansvaret på topp. Me hadde ballen stort sett heile tida og skapte sjanse på sjanse i første halvdel av 1. omgangen. Men me stressa litt med avslutningane. Men så fekk Kurt Raymond endelig nettkjenning, etter ein flott bakromspasning fra Vegar Bauge.
Me fortsatte å føre kampen, Vegar Bauge med ny assist, denne gangen til Marius Myklebust som fekk nettkjenning, stillingen 2-0 til Rosendal. Me slapp ikkje Eikelandsfjorden så mykje til denne omgangen, er ikkje feil å sei at Rosendal hadde ballen 90% av tida. Me hadde allikavel litt å retta på i avslutningsfasen, sjølv om Eikelandsfjorden var gode til å forsvara seg.

2.omgangen med tidleg utligning fra Eikelandsfjorden, heilt mot kampens gang, men slik er det ofte. Me ser oss litt blind på vårt eiga spel og gløymer oss litt ut. Målet med eit litt enkelt skudd, og ein litt uheldig keeper.

Rosendal pressar på igjen med fleire flotte angrep, me kjem alltid kollektivt opp i denne kampen, nåke som gir oss fleire strengar å spela på i angrepet. Vegard Bauge er frampå etter retur fra keeper og plasserar ballen enkelt i mål, 3-1 til Rosendal. Midtstoppar Mats Olsen må byta og me rokerar litt på laget. Hermund opp som spiss og Kurt Raymond ned som stoppar. Eikelandsfjorden syntest etterkvart å merka at dei har sprunge mykje etter ballen, det gir store rom for Rosendal. Nåke me utnyttar godt. Hermund med flott soloraid ned på venstre kant og fra skrå vinkel setter han ballen i mål, 4-1 til Rosendal.
Så får Rosendal straffespark, Marius gjer seg klar og skyter i venstre stolpe og ut.
Hermund på farten igjen og fyrer av eit herligt skudd innanfor 16 meteren, utagbart for keeper, 5-1 til Rosendal. Rosendal pressar på enormt, Marius med flott pasning til Marius Guddal som fossar fram og skyter i mål, 6-1.

Og så avsluttet me det heila med skudd tilnerma krysset fra 16 meteren, målskorar Hermund Døssland.

Hermund Døssland
Vegar Bauge
Marius Myklebust

Målskorar: Hermund Døssland(3 mål), Vegar Bauge(1 mål), Kurt Raymond Jegteberg(1 mål), Mathias Guddal(1 mål),Marius Myklebust(1 mål).
Desse var med: Kjartan Tungesvik(keeper), Mats Olsen, Anders Albrethson,Alexander Fredheim,Eivind Haavik,Olav Lernes,Hermund Døssland,Marius Myklebust,Vegar Bauge,Mathias Guddal og Kurt Raymond Jegteberg.
Innbytterar: Ruben F Særsten og Kristoffer Eskeland

Mvh
Raymond.B.Olsen
Trenar G16