Treningskamp G16 Rosendal – Trio, sundag 15.07

Treningkamp opp mot Norway cup på grasbanen. Vi hadde avtala å spela 3 x 25 min, og avslutte med straffekonk. Kampen enda 2-2, og det vil ikkje vera urett å seie at Rosendal hadde dei fleste klare målsjansane.



To lag i litt feriemodus, men innimellom klare tildensar til flott spel.
Rosendal mangla midstopparane, Kurt Raymond og Tobias, og
midtbanespelarane Jakob og Henrik, samt forsvarsspelar Johannes. Eirik
var heller ikkje med på denne kampen. Vi lånte difor med oss Joakim
Olsen (17 år), og mot slutten tok Jonas Havnerås (assistenttrenar) ei
lita økt på matta. Vi brukte denne treningskampen til å prøva oss litt
fram, der m.a. Hermund vart flytta over på høgrekanten for å kome på løp
inn i bana, med overlapp frå høgreback Marius. Dette var og noko vi
skulle ha fokus på med venstrebacken Alexander, men Hans Fredrik skulle
framleis gå på løp og kome med innlegg. Denne taktikken lukkast vi godt
med. Det vart til tider store rom i det elles så tette forsvaret til
Trio. Vi var ikkje flinke nok til å setja dei gode sjansane: Simon
aleine med keeper to gonger, Sondre aleine to gonger, stolpeskot frå
Hans Fredrik, osv.

Vi hadde og fokus på å tette romma, å skyve kollektivt, dette fekk vi
til å fungere i deler av denne treningskampen. Trio fekk ikkje styre
spelet slik dei har vore vane med denne vårsesongen, og difor klarte vi
å bryte opp spelet deira mykje meir. Det skal nemnast at Trio var betre
på samspel og mottak generelt, men i variasjon i angrepsspel var
Rosendal hakket kvassare. Rosendal varierte med å kome i angrep både frå
høgre, venstre, sentralt og i bakrom. Vi var og flinke til å vende
spelet, som gjorde det vanskeleg for motstandar å markera tilstrekkeleg.
Det vart ein del feilpasningar og dårlege mottak, og dette må vi arbeide
vidare med. Vi hadde nok kunne dobble målsjanane om vi hadde vore betre
på dette. Dette må vi sjå i samanheng med at når vi mister ballen lett
på midten, skapar dette unødige overgangar til motstandar. Fyrste 25 min
vart mållause, andre omgong enda 1-1, og tredje omgong 1-1. Kampresultat
2-2. I denne kampen synest eg alle gjorde ein god innsats. Vil ta fram
Vegard Ripel som kom inn som midtstoppar og gjorde ein veldig god kamp.
Keeperen vår, Eivind viser og svært gode taktar og gjorde ein strålande
innsats. Marius og Alexander hadde gode løp på kantane, og skal ha ros
for det, men det vart naturlegvis mindre av desse løpa siste del av
kampen.

Straffekonkurranse: Det vart teke ut 5 stk som skulle starte. Desse var
Hermund, Håvard, Sondre, Simon og Hans Fredrik. Både Trio og Rosendal
skora full pott. Dermed var det duka for ein og ein. Vegard Ripel var
først ute, og stillinga var 6-6. Marius er solid frå 11 meteren, men
denne gongen ville det seg ikkje. Dermed vann Trio 7-6. G16-laget ønskte
denne staffekonken då slikt kan verta avgjerande under Norway Cup.
Synest vi gjorde ein solid straffekonk og kan vera nøygd med det. Mykje
slump spelar inn her.

Målskorar: Sondre Eskeland 2. Gule kort: ingen ( ein kraftig advarsel
til Hans Fredrik)
Dommar: Willy Kalsaas, som brukte ein feriedag på å dømme oss.

Desse var med:
Eivind Bjørnebøle, Vegard Ripel, Joakim Olsen, Alexander Fredheim,
Marius Myklebust (98), Håvard Furdal ( kaptein), Hermund Døssland, Hans
Fredrik Zimmer, Vegard Bauge, Sondre Eskeland, Simon Korttila.
Innbytarar: Mats Olsen (99), Olav Lernes (99), Jonas Havnerås.

Trenar
Raymond Olsen