Treningskamp Rosendal-Trio/Halsnøy

Dette var andre kamp mot Trio/Halsnøy denne sesongen. Me hadde litt å retta på frå forrige oppgjer og var litt spente på om me hadde gjort leksa godt nok. Men det er forsatt litt «smårusk» som må på plass, Trio/ Halsnøy var hakket bedre i andre omgang og vant 2-4.


Me var mykje bedre med ball denne gangen, det var ikkje så mykje brudd på midten som sist. Me klarte med ein god Vegar Bauge å holde bedre bredde i laget på høyrekanten. Når me ungjekk brudd på midten, så blei det betydelig mindre målsjansar til motstandaren, så det er me godt fornøgd med.

Tobias mønstra på som spiss i denne kampen, Simon Korttila var skada og kunne ikkje stilla. Men me veit kva Tobias er god for og dette viste han også i denne kampen. Tobias fekk ein flott bakromspassning i det 26 minutt og sprang fra eit nølande Trio/Halsnøy forsvar og putta ballen elegant i mål, Herligt.
kampen er jevntspilt i store deler av 1.omgangen og Trio/ Halsnøy utlignar litt heldig etter rot i forsvaret på en retur, 1-1 til pause.

I 2.omgangen tar Trio/Halsnøy litt meir over spelet, me stressar litt for mykje i oppspillet og kommer ikkje kollektivt opp i angrep. Det blir ein litt ensom spiss på topp, men ikkje ufarlig. Hermund Døssland med eit strålande skudd fra langt hold, treffer tverrliggar og ned bak keeperen. Det seies også fra Trio/Halsnøy benken at ballen var inne, men dommar var ikkje enig og målet fekk me ikkje.

Trio/ halsnøy med eit flott angrep med innlegg fra kanten og foran mål, dette belønnes med skoring, stillingen 1-2. Men dette skulle ikkje vare lenge, Rosendal er raske frempå og utlignar med flott skoring fra Tobias. Det var litt meir trøkk over Rosendal i denne perioden.

Me detter litt meir utover i 2.omgangen og resultatet blir at Trio/Halsnøy får ta over banespillet. kampen endar 2-4 til Trio/ Halsnøy.

Nå ventar det ny treningskamp med 3.laget til Trio/Halsnøy, deretter Eikelandsosen, Njardar/Tysnes og Jondal. Mulig me får til eit nytt returoppgjør mot 1.laget til Trio før sessongstart.

Målskorar: Tobias Frislev(2 mål)
Gult kort: Vemund Grønstøl(Trio/ Halsnøy)

Desse var med:
Eivind Bjørnebøle, Kjartan Tungesvik, Vegard Ripel, Mats Olsen, Torbjørn Omvik, Kurt Raymond Jegteberg (kaptein), Hermund Døssland, Marius Myklebust, Vegar Bauge, Joakim Vika og Tobias Frislev.

Innbyttarar:
Håvard Hunstad, Alexander Fredheim, Eivind Haavik, Anders Albrethson, Ruben F Særsten, Christian F Særsten, Simon Bewer og Olav Lernes Mvh
Raymond B Olsen
Trener Rosendal G16-1