Treningsleir

Eit av Åsane sine lillegutlag har denne helga vert i Rosendal på treningsleir. Dei kom laurdags morgon, og brukte dagen på fjelltur og sosialt samver. Sundag trente dei på kunstgrasbanen i Rosendal, og avslutta med kamp mot Rosendal sine lillegutar 97.


Resultatet blei 4-3 til Åsane. Dei skraut over opphaldet her, fotballanlegget, og naturen. Dette kan òg vere ein ide for lag herifra, og nytte ei helg til sosialt og treningsøkt. Her ligg ein stor marknad om vi går ut og reklamerer for slike opphold.

Mvh Arvid Nes