Trio – Rosendal 2-2

Kampen starta friskt, Frode var igjennom allerede etter 2.min,men Trio keeper fekk slått avslutninga til corner. Etter 5. min fekk Trio corner, ballen blei slått inn på 5-meteren, der sto Espen Åkra upressa og stupheada inn eit vakkert sjølvmål.


Gjengangsmelodien i 1.omg var at Trio hadde mykje av banespelet, medan vi var farlige frampå på overgangar. Minuttet før pause kom Frode seg gjennom, runda keeper og blei felt, klar straffe.
Underteikna ekspederte ballen i mål frå 11-meteren.

Dei første 15.min i 2.omg var stillingskrig, heilt til Frode fekk eit langt oppspel frå Frank, kom åleina gjennom og putta sikkert.

Det tok bare 5.min før Trio utlikna, nok ein gong på ein corner , mykje klabb og babb før Øystein Ersland fekk ballen på 5 meter og putta.

Resten av kampen bar preg av slitne Rosendalsbein og Trio hadde mykje av ballen , men vi ridde av stormen og det enda 2-2.

Bra resultat for oss. Ekstra pluss til debutant Sindre Omvik som gjorde ein kjempe jobb på midtbanen.

Helsing Kjetil Helvik