Triostafetten laurdag 19. mai

Vi skal prøve å stille mange lag på Triostafetten laurdag 19. mai. Stafetten går som vanleg på Valen og startar kl. 12.15. No prøver vi å mobilisere både dei som er aktive og dei som har vore aktive i Rosendal Turnlag. Vi vann det meste der ute i fjor og har tenkt å gjere det same i år. Og dess fleire lag vi stiller dess kjekkare er det.


Friidrettsutøvarar, fotballspelarar, skiløparar, turnarar, og alle andre:
NO ER DET PÅ TIDE MED EIN STAFETT DUGNAD!!!!!

Og vi treng mange foreldre med bil og kamferolje og bollar og saft.

Damelag :
4 etappar: 600m, 350m, 200m og 200m.
Eit lag er allereie klart.
Kvart lag må ha 4 jenter som fyller 17 år eller meir dette året.
Wenche Enes organiserer damene.
Alle som kan være med sender melding eller ringer Wenche på 959 67 808.

Herrelag:
6 etappar: 1500m, 1000m,900m, 1300m, 900m og 350 m.
Gutar  som fyller 17 år eller meir i løpet av 2012.
Åsmund Mehl organiserer herrane.
Alle som kan være med sender melding eller ringer Åsmund på 477 69 906

Jentelag.
6 etappar: 600m, 350m, 200m, 200m, 100m og 100m.
Alder 11-16 år.
Alle som kan delta sender melding eller ringer Ole Bennæs på 934 37 521 eller Grethe Solheim på 991 53 785

Gutelag.
6 etappar: 900m, 600m, 350m, 200m, 100m og 100m.
Alder 11-16 år.
Alle som kan delta sender melding eller ringer Ole Bennæs på 934 37 521 eller Grethe Solheim på 991 53 785

Friidrettsgruppa