Turgruppa

Informasjon om turgruppa

Her vil vi leggja ut informasjon som er knytt til turgruppa i Rosendal Turnlag.

Bruk lenkjene i menyen til venstre.


Siste artiklar om turgruppa

  • Travel sommar på Kjeldestøl 17. juni 2021
    Tradisjonen tru inviterer Kjeldestøl venelag til opne stølsdagar med kaffi, saft og dei vidgjetne mjelkekakene. I år vert det seks slike dagar frå slutten av juni til byrjinga av august. Kjeldestøl venelag gjentek suksessen frå dei seks føregåande somrane. Budeiene vert difor til stades på stølen følgjande onsdagar: 30. juni, 7. – 14. – 21. – ...
  • No startar fjellsesongen! 5. april 2021
    Endeleg er det er klart for ny sesong med klippeturar i fjellheimen kring Rosendal. I år er det 43. gong fjelltrimmen vert arrangert. For å fullføra må ein vitja Skålafjell (501 m), Malmangernuten (890 m), Nordlifjell (972) m), Skeisfjell (1038 m) og Melderskin (1426 m), skriva datoen og klippa i kortet, og levera det innan 1. ...
  • Nyttårshelsing frå Turgruppa 6. januar 2021
    Eg vil nett nytta høvet til å takka for året som no er omme. Det vart jo eit svært annleis år, også for turgruppa i RT. Den største nedturen var sjølvsagt avlysinga av Kvinnheradløpet, men i den store samanhengen betyr det mindre. Litt synd var det elles at sherpaene ikkje kom seg attende til Norge for ...
  • Koronareglar for Fjelltrimmen 6. april 2020
    Fjelltrimmen til turgruppa i Rosendal Turnlag går sin gang, også i år. Men det er gjort nokre enkle tilpassingar av smittevernomsyn. Klippekorta til det 42. fjelltrimåret i Rosendal har allereie vore i sal i nokre veker, og kan kjøpast hjå Sport1 i Rosendal. Men så kom jo denne koronapandemien, som påverkar det meste også her i ...
  • Kongens fortjenestemedalje til Kåre Eik 30. oktober 2019
    Den 14. oktober bestemte H.M. Kongen å tildela Kongens fortjenestemedalje til Kåre Eik frå Seimsfoss. Nyhende vart overrekt til medaljevinnaren av ordførar Hans Inge Myrvold no nettopp. Bak søknaden om å tildela fortjenestemedaljen til Kåre Eik stod: Rosendal Turnlag – Turgruppa, Rosendal Turnlag – Hovudlaget, Kvinnherad Turlag og Bergen og Hordaland Turlag. «Kåre Eik har lagt ned ...
  • Travel sommar for budeiene 19. juni 2019
    Dei opne stølsdagane på Kjeldestøl er så populære at i år er tilbodet utvida til sju onsdagar i sommar. Kjeldestøl venelag gjentek suksessen frå dei fire føregåande somrane. Budeiene vert difor til stades på stølen følgjande onsdagar: 26. juni, 3. – 10. – 17. – 24. og 31. juli samt 7. august. Nokre timar midt på ...
  • Sluttrapport – Skålafjell 17. august 2018
    Fakta Start onsdag 23.05.2018 – slutt laurdag 16.06.2018. 434 trappetrinn og stepstones. Berre stein frå staden.
  • Velkomne til Kjeldestøl i sommar 20. juni 2018
    Seks onsdagar i sommar vil det vera budeier til stades på Kjeldestøl ovanfor Rosendal. Kjeldestøl venelag gjentek suksessen frå dei tre førre somrane. Følgjande onsdagar: 27. juni, 4. – 11. – 18. og 25. juli samt 1. august, vil det vera budeier til stades på stølen nokre timar midt på dagen. Dei skal syta for lunk ...
  • Opning av sherpastien til Skålafjell 11. juni 2018
    Den fantastiske sherpastien til Skålafjell i Rosendal er straks ferdig. No på torsdag klokka 18:30 vert det invitert til høgtidleg opning. Rosendal Turnlag – Turgruppa har dei siste åra fått gjennomført ei stor oppgradering av fleire av stiane kring bygda, med stor hjelp av steinekspertar frå Nepal. I 2015 laga dei 256 trappetrinn i det bratte ...
  • Bli med på Fjelltrimmen! 3. april 2018
    Det er klart for ny sesong med klippeturar i fjellheimen kring Rosendal. I år er det 40. gong fjelltrimmen vert arrangert. For å fullføra må ein vitja Skålafjell (501 m), Malmangernuten (890 m), Nordlifjell (972) m), Skeisfjell (1037 m) og Melderskin (1426 m), skriva namnet i vardebøkene, klippa i kortet og levera det innan 1. ...