Turnlaget på styreseminar i Hordaland idrettskrets

RT har saman med Lindås idrettslag, Flaktveit idrettsklubb og Kjøkkelvik idrettslag vore på styreseminar i HIK. Dette er eit nytt opplegg for utvikling av styrearbeid i fleiridrettslag som kretsen og idrettsforbundet ville prøve ut.


RT var representert med Kjell Ove, Torill, Tor Øystein, Kirsten, Laila, Arvid og Willy.

I tillegg til å gje ein generell presentasjon av kvart lag, som Willy gjorde for RT, skulle kvart lag også presentera korleis dei arbeidde innafor enkelte område.

RT presenterte økonomiarbeidet i klubben, noko Tor Øystein gjorde på ein glimrande måte.

Vi trur dette var ein god måte å få impulsar til korleis styrearbeidet i idrettslag kan forbetrast. Mange problemstillingar var framme og vi såg at styret i RT har fleire områder der arbeidet kan gjerast betre. Vi fekk eit innblikk i korleis andre fleiridrettslag vert drive, kva problem og motsetningar som kan oppstå og måtar å løysa dei på. Dessutan fekk vi verkeleg sjå kva innsats og arbeid som vert lagt ned i kvart idrettslag. Det er ein friviljug innsats som sparar samfunnet for store summar kvart år og vi er mage i RT som kan vere stolte av å høyre til denne rørsla.