Uavgjort for herrane

Med noko redusert mannskap reiste herrelaget til Bergen og møtte Ny-Kronborg. Etter 5 minutt i første omgong førte Håvard Sætrevik Rosendal opp i 1-0 leiing.


Heimelaget utlikna i 65. minutt, og gjekk så opp i 2-1 leiing. I det 78. minutt utlikna Rosendal med Kjetil Rangsæter. Like før slutt hadde Rosendal ein kjempesjanse som kunne abgjort kampen, men resultatet enda med uavgjort 2-2. Eit viktig poeng for Rosendal.