Uavgjort mot topplaget

Gutter 14 år frå Rosendal/Uskedal var tysdag 21. september på Fitjar og spelte seriekamp. Dei spelte ein bra kamp, og hadde presset på topplaget i store delar av kampen. Fitjar hadde ein god keeper som tok det meste, og om ikkje han redda så strauk ballen stengene. Fitjar tok ein heldig leiing i 2.omgang, men noken minutt seinare skaut Sondre Eskeland eit langskot i mål. Resten av kampen pressa Rosendal stort, men det vart ikkje fleire mål og kampen enda 1-1.