Ubeseira gjennom serien

29.september var det på nytt duka for lokaloppgjer mellom Uskedal og Rosendal. Då desse lillejenter (f.96) møttes på Rosendal stadion i juni, var det ein jevn kamp der Rosendal trakk det lengste strået og vann 3 -2. Uskedølane var likevel nøgde med at dei hadde hatt topplaget i kne…


Videre utover i sesongen har Rosendal vunne samtlige seriekampar, dei har og gjort det svært godt på Trio – cup, Voss cup, Husnes – cup og Spar Haga jenteturnering. Innimellom har me glytta bort på Uskedalsjentene og konstatert at dei er heilt på høgd.

Så det var med ein viss spenning Rosendal ( iallefall trenarteamet ) entra Uskeldal stadion.

Og som me frykta fekk Uskedalen ein knall start, men sjølv om me til pause låg under 3 -2, mista me ikkje håpet. Erfaringsmessig har me sett at det ofte tar litt tid før jentene kjem skikkeleg igong. Magne skrytte av dei i pausen, dei hadde hatt flest sjansar men dei fekk berre ikkje uteljing. I andre omgong var Uskedalen sjanselause, og det enda tilslutt
3- 8 til Rosendal.

Jentene dvelar ikkje ved det gode resultatet, det som gjeld no er: » ska me te` Norway Cup eller ? , me ska` vel da vel` ?