Uheldig tap i lokalderby

Sist fredag var det duka for eit nytt lokalderby mot Trio på Kvednabekkjen. Vi hadde Eirik tilbake igjen på laget, han var saman med Joakim, Rosendal sin beste.


Gutelaget stilte med sørgjeband, og før kampen var det og eit minutt stillhet, for Benjamin sin far, Bjørn. Are Ulseth nytta og høvet, på vegne av Trio, til å gje Arvid ein blomebukett som gratulasjon for frivilligprisen, som Kvinnherad Kommune gav Arvid i førre veke. Fint gjort av Are og Trio.

Gutelaget fekk ikkje den beste starten på kampen, i tredje kamp på rad slepp vi inn mål før det er gått eitt minutt. Her er vi nøydt til å vera meir “på” i frå starten av. Trio køyrer kampen etter dette, men vi kjempar oss inn i igjen. Dei siste 10-15 minuttane av fyrste omgang er vi det beste laget, men greier ikkje å skape dei store sjansane.

I andre omgang fortsette vi der vi slutta fyrste omgang, vi pressar høgt og stressar Trio. Til slutt kjem utteljinga, Simon utnyttar ein feil i trioforsvaret, og set inn utlikninga. Etter dette kjem Trio meir med i spelet igjen og kampen jamnar seg ut. Utan at dei store sjansane kjem.

Diverre er det Trio som har marginane med seg i denne kampen og, med same oppskrifta som sist lokalderby. Etter ein flott soloprestasjon av tidligare rosendalspelar Andreas Torkildsen, finn han George Onasaka, som set vakkert inn 2-1 frå fem meter.

Kjipt, sidan vi følte at vi var fullt på høgde med Trio, men skal vi slå Trio, treng vi bli endå meir kreative i angrepsspelet vårt.

Vi stilte med følgjande lag:

Nikolai- Johannes G – Joakim – Stian – Kurt Raymond – Njål – Eirik – Jonas – Håvard – Simon – Sondre

Innbytarar:
Hermund
Martin
Johannes T.