Ungdomsdiskotek 21.mars i Samfunnshuset

Fotballgruppa til Rosendal Turnlag arrangerer rusfritt diskotek for aldersgruppa 10. klasse og oppover.


Diskoteket startar klokka 19:30 og sluttar 01:00. Det går nattbuss frå Rosendal til Utåker etter diskoteket klokka 01:00 frå Rosendal kai. Bussen kostar 50,- for dei som ikkje har ungdomskort.

Diskoteket kostar 50,-

Det vert og karaoke for dei som ynskjer å testa sangstemma si, dette vert i vestibylen.

Rosendal Lyd og Lys står for musikken.

Det vert kioskal av pølser, brus m.m.

Vi håpar mange tek turen og støttar arrangementet.