Unge talent på sonesamling

Ti Kvinnherad-talent i fotball var i helga innkalla til sonesamling i Haugesund. Seks av dei reiste, og fekk trena godt.


Silje Øyre, Tina Skår Olderkjær, Helene Skåla, Jonas Havnerås, Sondre Eskeland (alle Rosendal) og Karl Bernhard Heggøy (Trio) reiste til Haugesund. I tillegg var Kari Bråtun, Ingeborg E. Ludvigsen (begge Rosendal), Helga Grønstøl og Emely Ersland (begge Trio) innkalla. Alle desse er 96-årgangar, forutan Enes Ludvigsen og Havnerås, som er året eldre.
Kjetil Lothe var trenar for jentene, medan Morten Tislevoll losa gutane gjennom treningsøktene.

– På laurdagen var spelarane gjennom trenings- og kampøkter, i tillegg til ei teoriøkt der dei var innom både kosthald og kva som skal til for å bli god i fotball. Dessverre snøa treninga på sundagen vekk for ungdommane, til deira store skuffelse, fortel trenar Magne Skår, som reiste med spelarane.
To av fire samlingar har snøa vekk til no. No står det ei samling og kamp att før talentsamlingane er over for denne gong.

Tekst/Foto: Grenda