Utsetjing av årsmøtet 2021

Hovudstyret i Rosendal Turnlag har i eit møte tirsdag 23. mars vedteke å utsetja årsmøtet inntil vidare, til møtet kan haldast fysisk. Årsmøtet skulle eigentleg haldast torsdag 29. april, men strenge smittevernsreglar, potensiell smitteoppblomstring etter påske, og elles usikkerheit rundt smittvern frametter – er grunngjevinga for vedtaket.

Vi kjem tilbake med ny årsmøtedato, når smittevernsituasjon og reglar tillet det, og vi håpar då å kunna avvikla eit fysisk møte i samsvar med Norges Idrettsforbund sine tidsrammer og regelverk.

Med venleg helsing

for hovudstyret i Rosendal Turnlag
Jostein Hatteberg, styreleiar
tel 489 94 213
ePost: rosendal@folgefonn.net

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

nine − three =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.