Uttale frå ekstraordinært styremøte i Rosendal Turnlag 13. desember 2012

Det har i lang tid vore usemje mellom Kvinnherad kommune og Rosendal Turnlag om kommunen sin del av finansieringa av kunstgrasbana på Rosendal Stadion. Striden handlar om kor vidt kommunestyrevedtak gjort i 2007 om kommunal deltaking med 1/3 av investeringa er med eller utan mva.


Dåverande og noverande ordførar, Synnøve Solbakken, under opningstalen av kunstgrasbanen.


Usemja har både ei formell/juridisk side og ei politisk side.
På oppdrag frå Kontrollkomiteen har Revisjonshuset Deloitte vurdert saka. Med heimel i gjeldande lovverk er dei kritiske til kommunen sitt standpunkt.

I si innstilling skriv Deloitte: Basert på framstillinga over, fastheld revisjonen sine vurderingar om at vedtaket i kommunestyresak 2007/18 ikkje var utforma slik at det går klårt fram kva som er vedteke.

Og vidare: Vedtaket i Kommunestyret om at ”Rosendal Turnlag får setja i gong arbeidet med kunstgrasbane i Rosendal” og ”kommunal garanti vert gjeve som omsøkt”, inneber etter revisjonen si vurdering at kommunestyret også godkjenner dei føresetnadene som ligg til grunn for garantien. I føresetnadene ligg det mellom anna at kommunen skal dekkje 1/3 av budsjetterte kostnader inklusive mva.

Såleis skulle den formelle sida av saka være noko lunde klår.

Når saka likevel ikkje er komen til konklusjon er det av politiske årsaker.Eit eige kommunalt arbeidsutval (Prestnes, Handeland og Berge) har på oppdrag frå kommunestyret gått gjennom problemstillinga og levert ei innstilling som konkluderer med at kommunen kan definere vedtaket frå 2007 slik det tener kommunen best. (Les; kostar kommunen minst).

Berge, som var ordførar i 2007 når vedtaket vart fatta, er usamd i innstillinga.

Formannskapet stadfesta i sist møte arbeidsutvalet si innstilling. Innstillinga byggjer på heilt nye prinsipp for korleis eigeninnsats, rabattar og gåver skal handterast i slike prosjekt. Vedtaket i formannskapet må såleis sjåast som ei stadfesting av desse nye prinsippa.

Vi skal ikkje påstå at formannskapet er uvitande om konsekvensane av eigne vedtak, men vi er undrande til innføring av nye prinsipp som i praksis gjer vidareføring av den tradisjonelle prosjektfinansiering med tredeling mellom organisasjon/kommune/tippemidlar umogleg.Vi legg då til grunn at dei føringane som er pålagt Rosendal Turnlag skal være gjeldande praksis.

Formannskapet sitt vedtak vil, om det vert ståande, ha store konsekvensar for alle komande prosjekt i regi av friviljug organisasjonsliv. Med liknande regime vil til dømes finansieringsplanen til nytt friidrettsanlegg i Trio være verdilaus og for kunstgrasbana i Rosendal må kommunen betale tilbake kring 225.000 av mottekne spelemidlar.

Formannskapet sitt vedtak vil prege Rosendal Turnlag si drift i lang tid framover. Det må ikkje være tvil om at laget sine budsjett vil måtte justerast i tråd med dei auka økonomiske pliktene som føl formannskapet sitt vedtak. (Omlag 1 million kroner).

Born og unge vil måtte oppleve å få redusert sine tilbod i ein slik situasjon sjølv om dei negative konsekvensane for ungane kanskje kan avgrensast noko ved at kommunen overtek lovpålagde aktivitets- og idrettstilbod som Rosendal Turnlag organiserer i dag.

Vi er undrande til at dramatiske konsekvensar i dette tilfellet ser ut til å være politisk uvesentleg.

Det tykkjest òg å være politisk uvesentleg at anlegget som Turnlaget no står att med rekninga på er eit kommunalt anlegg.  Det kan òg nemnast det var Kvinnherad kommune som stod for innkjøp og hadde ansvaret for den økonomiske oppfylginga gjennom prosjektfasen.

Vi lyt ta til orientering at ei mogleg rasering av Rosendal Turnlag sitt aktivitetsgrunnlag vert vurdert som ansvarleg og akseptabelt politisk handtverk. For laget sine tillitsvalde vert det sett på som mistru og ei total nedvurdering av  det friviljuge arbeidet som vert lagt ned.

Gjennom utvikling av anlegg, ein brei organisasjon av friviljuge og naudsynt hjelp frå eksterne trenarkrefter gjev Rosendal Turnlag born, unge og vaksne eit breitt tilbod om organisert idrettsleg aktivitet. Dette kan vanskeleg vidareførast dersom formannskapet sitt vedtak vert ståande.

Arbeidsutvalet si innstillinga til formannskapet er prega av lettvint omgang med fakta, systematisk feiltolking av saksopplysningar og innføring av nye ukjende prinsipp for verdisetting av dugnad, gåver og rabattar.
Konsekvensane er store, ikkje berre for Rosendal Turnlag, men for store deler av organisasjonslivet i kommunen.

Når saka skal handsamast i kommunestyret den 20. desember vil alle partar være tent med at representantane overprøver formannskapet og tuftar vedtaket på formelle fakta og ei rett konsekvensanalyse.

Slik situasjonen er no ser ikkje styret i RT korleis saka skal kunne få ei objektiv og sakleg avklaring utan ei juridisk prøving og vil difor, fram mot ordinært årsmøtet, kartlegge laget sin juridiske posisjon opp mot ein formell rettsprosess.

Rosendal 13.12.2012
Styret i Rosendal Turnlag