Vårsesongens siste trening for minigut 9 år

Minigutane hadde siste trening for vårsesongen igår. Vi har vert med på 3 miniturneringar og storspelt på kvar einast turnering. På tilsaman 12 kampar så har vi vunne 10, spelt ein uavgjort og tapt ein. Særs bra innsats frå alle spelarane.


Vi har tilsaman 11 spelarar og stiller som oftast med to lag på turneringane. Dette viser seg å gå veldig bra sidan alle spelarane er jamne og flinke. Underteikna har trent desse gutane no i tre år og det er veldig kjekt å sjå korleis dei har utvikla seg. Frå å spela i «mølja» der alle spring der ballen er, spelar dei no fotball med fine kombinasjonar og passningar.

Bare etter å ha trent på innlegg frå sida nokre gonger før turneringa i Rosendal, viste det godt igjen på turneringa at noko hadde skjedd. Vi har vel ikkje i nokon kamp før skora så mange mål på ei turnering der det kom innlegg frå sida og skot i mål. Med andre ord er det ei fin utvikling i spelargruppa og det er kjekt å vera trenar for ei slik gruppe. Vi satsar på å få ein like god sesong når hausten set inn!

Bilete er frå siste kamp då vart det «kickass» på trenarane. Konsentrasjonen frå gutane har vel aldri vore betre. Nokre traff usannsynleg godt :o)

Foto: Grete Solheim

Helsing Romar og Jan-Evald!