Velkomen til minicup i Rosendal

På komande sundag frå klokka 11.00 til ca 16.00 vert det eit yrande liv på kunstgrasbanen. 31 lag er påmelde noko som betyr at ca 220 spelarar frå 6-10 år vil innta kunstgrasbanen.


Det vert kioskssal under heile turneringa. Noko venting mellom kampane blir det og då kan dei som vil prøva seg på putball på grasbanen.

Ved dårleg vêr vert det høve til å trekkja inn i gymsalen, vi kjem og til å setje opp eit stort telt.

Alle spelarane vil få diplom samt ein statuett etter turneringa. Husk å levêr namneliste på spelarane når de kjem på turneringa. Diplomane er sponsa av Sparebank 1 Kvinnherad, medan statuettane er sponsa av iDrift og Raymond Olsen Nybygg og Vedlikehald. Vi nyttar høve til å takka desse for sponsinga.

Vi håpar mange tek turen, og ynskjer alle velkomne til å oppleve ekte iddrettsglede.

Helsing Rosendal Turnlag – Fotballgruppa