Velkomne til Kjeldestøl i sommar

Seks onsdagar i sommar vil det vera budeier til stades på Kjeldestøl ovanfor Rosendal.

Kjeldestøl venelag gjentek suksessen frå dei tre førre somrane. Følgjande onsdagar: 27. juni, 4. – 11. – 18. og 25. juli samt 1. august, vil det vera budeier til stades på stølen nokre timar midt på dagen. Dei skal syta for lunk i omnane og ynska alle gjester og turgåarar velkomne.

– Dette er eit tilbod til alle, enten dei er fastbuande i Kvinnherad eller kjem til kommunen med vanleg bil, bubil, buss, sykkel eller båt. Vonleg vil mange nytta høvet til å sjå vakre Kjeldestøl, og gjerne kjøpa seg nykokt kaffi og noko å bita i, seier Kjeldestøl venelag i ei pressemelding.

Opnar Torkjellsselet

Førebels har venelaget restaurert fem sel; Bjørkesselet, Jensaselet, Monsaselet, Kristiansselet og Peraselet. I sistnemnde er rett nok ikkje peisen mura ferdig enno, men vonleg vert dette klart i løpet av sommaren. Siriselet har vore intakt heile tida og berre blitt noko vedlikehalde. Arbeidet med det siste selet, Torkjellsselet, er godt i gang. Det vert truleg opna i september.

I tillegg er det sett opp både utedass, ei sjykkje og ei hadletekkje, og nyleg kom også det store langbordet på plass. Venelaget har elles rydja fleire gamle stiar i området, ikkje minst den flotte Hauavegen som går frå Kjeldestøl til Nysetre og Hovda.

– Sela står opne, og alle er velkomne til å stikka innom for å få ei oppleving av korleis livet var på Kjeldestøl fram til 1951, som var siste sommar med stølsdrift, opplyser Kjeldestøl venelag.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

one × four =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.