Vellukka ekstraordinert årsmøte

Det var eit vellukka ekstraordinært årsmøte i RT i kveld. Det vart vedteke nye lover, noko som var nødvendig for å få samsvar med NIF sine basislover. Den viktigaste endringa er at årsmøtet no skal haldast innan utgangen av februar månad.


Lovene må no sendast inn til NIF for godkjenning.

Det vart også vedteke budsjett for RT, noko som skal gjera økonomistyringa betre.