Vellukka miniturnering
Strålande vêr med passeleg temperatur gjorde sitt til at alle som deltok på miniturenering i Rosendal hadde ein fin dag. Totalt 31 lag var påmelde, noko som tilsvarar rundt 200 spelarar.
I tillegg var søsken, foreldre, besteforeldre og andre på plass for å heie fram laget sitt.
Totalt var det nok ein stad mellom 400- og 500 personar på kunstgrasbanen i dag.
Kunstgrasbanen var delt opp i fire banar, der det gjekk kampar kontinuerleg frå klokka 11.00 til 15.30. God stemmning og godt humør prega dagen. Vi vil takka alle som deltok og alle som var med å hjalp til med arrangementet, og ikkje minst stor takk til dommarane som gjorde ein framifrå jobb!
Velkomen att til neste år!
» Bilete frå turneringa finn de her
Mvh
Rosendal Turnlag v/ fotballgruppa