Vestlandsenergi AS strøymer til på laget til Rosendal Turnlag!
Vestlandsenergi og Rosendal Turnlag har inngått ein avtale som gjer Vestlandsenergi til ein av Rosendal Turnlags viktigaste samarbeidspartnarar og sponsorar for dei neste to åra.


Vestlandsenergi er ein straumleverandør med lokal forankring, lokalisert i Dimmelsvik. Forløparen til Vestlandsenergi AS var Kvinnherad Energi AS med historie heilt tilbake til 1919. Rosendal Turnlag er sers glad for å ha Vestlandsenergi med på sponsorlaget.


Frå v: Dagleg leiar i Vestlandsenergi Kenneth Ingvaldsen og dagleg leiar Jonathan Byrkjenes i Rosendal Turnlag.
Vi oppmodar alle til velja lokalt, vel Vestlandsenergi. Dei har også eit flott tilbod kalla «Straumven». Her kjøper ein straumen frå Vestlandsenergi samstundes som Rosendal Turnlag eller andre (valfritt) i idretts- og kulturlivet i nærmiljøet får økonomisk stønad.