Vi har fått båt til henting av ballar
Bodil Øyre har vert så snill og gjeve bort båten sin til fotballgruppa. Som de sikkert veit hamnar det eindel ballar på sjøen gjennom ein sesong. No ligg det båt nede i hjørna ved elveutløpet, klar til bruk.
Ein skal sjølvsagt bruka redningsvest når ein skal ut på sjøen etter ballar. Vestar, årer, tofte og årepinnar ligg i garasjen der traktoren står. Det kan og vera lurt å vera to stykk i båten når ballar skal hentast. Uansett så skal tryggleiken vera første prioritet sjølv om ein skyt ballar på sjøen, er det dårleg vær eller stummande mørkt skal de ikkje ut på sjøen!