Vil du vera med på BRANNKAMP

Brann har lagt av 30 billettar til oss i kampen mot Stabæk sundag 19.oktober, der småjentene skal vera balljenter.


Dei 30 fyrste som ringer til Arvid på telefon 48228026 kan vera med på kampen og fylja Rødnebåten på ekstratur frå Os. Vi tek vanleg båt til vanleg pris til Bergen 16:30, her må ein vera ute i god tid. Når vi kjem til Bergen går det buss for oss opp til stadion. På stadion sit vi samla på nyetribunen og etter kampen går det buss for oss til Os, der Rødnebåten ventar på oss og får oss vel heim att.

Prisar:

Vaksne: Kamp &#43 heimreise kr 350,- (Tur til Bergen betalar kvar person for seg sjølv)

Born: Kamp &#43 heimreise kr 210,- (Tur til Bergen betalar kvar person for seg sjølv)

Fyrste mann til mølla prinsippet gjeld, så her er det bare å ringja Arvid omgåande.