Vinnaren av gåvekortet
Gina Eriksen Albrethson vart trekt ut som vinnar av gåvekortet som var premie under liveoppdateringane på Norway Cup. Ho skulle eigentleg spelt sjølv i Norway Cup i år, men J19 laget måtte diverre trekka laget rett før avreise.
Fotballinteressert som ho er, så følgde ho dei spanande kampane på liveoppdateringane via Rosendal Turnlag sine facebooksider.
Gåvekortet er levert av Kvinnherad Elektro og no kan det bli nye fotballsko på ho på Rosendal Sport. Vi gratulerar!