Vippsreportasjar frå Rosendal på TV2

Som dei fleste allereie veit så hadde Tv2 eit team i Rosendal i pinsehelga. Dei var her for å lage reportasje for Vippslaget. Stridsklev G16, som er årets vippslag, var på treningshelg saman med Rosendal G16. Tv2 filma frå fredag til sundag og har no klippa dette ned til to reportasjar som skal visast i løpet av Fotballxtra på Tv2 Zebra.

Fyrste reportasje frå Rosendal kjem komande sundag, 25. juni, medan den andre kjem sundag 2. juli. Fotballxtra startar klokka 1730.

Reportasjane vil ein og finne att på Sumo og Fotballxtra, men dei vert ikkje lagt ut direkte under Vippslaget som tidlegare.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

2 × 3 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.